Fra det gamle album – 2016

Har du et godt bilde av en eldre buss vil vi gjerne bruke det i bildeserien “Fra det gamle album” (tidligere Månedens bilde). Forutsetningen er at du selv eier bildet eller vi kan få lov til å bruke det på nettsidene våre. I tillegg må du skrive ned litt informasjon og historie om bussen. Ta kontakt med webmaster@rhf.no.

 

Fra det gamle album oktober 2016

Ombordkøyring i Møre og Romsdal Fylkesbåtar si ferje B/F 'Svorka' ved Årvik ferjekai i Sande kommune. Bussane som er på turoppdrag tilhøyrer K. Moldskred Rutebiler i Ulsteinvik. Kolbjørn Moldskred dreiv med persontransport i Ulstein kommune frå 1930-talet, fram til sin død i 1976. Bedrifta vart vidare leia av sonen Arve Moldskred, og den vart fusjonert inn i Sørøy-Buss A/S som vart etablert i 1982. T-1335 er ein 1963-modell Mercedes-Benz LP321 med bygg nr. 142 frå Bussbygg på Hovdenakken i Romsdal. Sjåfør er Kåre K. Ulstein. Bussen som er i ferd med å køyre inn på ferja bak T-1335, er T-1098 - ein 1961-modell Mercedes-Benz O321HL, Moldskred sin andre hekkmotorbuss. Denne har bygg nr. 107 frå Bussbygg, 45 seter. Denne bussen vart seinare ombygt frå bagasjerom med fast vegg, til todørs-buss. Desse to bussane kom i fokus ved tariffstreikane i 1963. I april dette året vart det streik i 4 veker. T-1335 vart levert i juni, og rakk så vidt å kome i drift før det på ny braut ut sjåførstreik. Denne varte i om lag 3 veker, og då var det kun Kolbjørn Moldskred som arbeidsgjevar som kunne køyre. Med sonen Arve som billettør køyrde dei rutene mellom Ulsteinvik og Hareid med største bussen, som var `61-modellen T-1098. (Opplysningar frå Arve Moldskred, formidla av Ola A. Rangsæter)

Ombordkøyring i Møre og Romsdal Fylkesbåtar si ferje B/F “Svorka” ved Årvik ferjekai i Sande kommune. Bussane som er på turoppdrag tilhøyrer K. Moldskred Rutebiler i Ulsteinvik. Kolbjørn Moldskred dreiv med persontransport i Ulstein kommune frå 1930-talet, fram til sin død i 1976. Bedrifta vart vidare leia av sonen Arve Moldskred, og den vart fusjonert inn i Sørøy-Buss A/S som vart etablert i 1982.
T-1335 er ein 1963-modell Mercedes-Benz LP321 med bygg nr. 142 frå Bussbygg på Hovdenakken i Romsdal. Sjåfør er Kåre K. Ulstein.
Bussen som er i ferd med å køyre inn på ferja bak T-1335, er T-1098 – ein 1961-modell Mercedes-Benz O321HL, Moldskred sin andre hekkmotorbuss. Denne har bygg nr. 107 frå Bussbygg, 45 seter. Denne bussen vart seinare ombygt frå bagasjerom med fast vegg, til todørs-buss.
Desse to bussane kom i fokus ved tariffstreikane i 1963. I april dette året vart det streik i 4 veker. T-1335 vart levert i juni, og rakk så vidt å kome i drift før det på ny braut ut sjåførstreik. Denne varte i om lag 3 veker, og då var det kun Kolbjørn Moldskred som arbeidsgjevar som kunne køyre. Med sonen Arve som billettør køyrde dei rutene mellom Ulsteinvik og Hareid med største bussen, som var `61-modellen T-1098.
(Opplysningar frå Arve Moldskred, formidla av Ola A. Rangsæter)