
ÅRSMØTEINNKALLING 2012 ÅRSMELDING 2011
Velkomen til Rutebilhistorisk Forening avdeling Sunnmøre sine sider på internett. Her vil du finne informasjon om kven vi er, kva vi gjer, kvar vi er og mykje meir. Bruk menyen til venstre for å navigere rundt på sidene. Du kan lese meir om oss nedover på sida.
Bildet over viser ein del av veteranbussane som er bevart på Sunnmøre.
Rutebilhistorisk Forening (RHF) vart stifta i 1983 og er ei landsdekkande forening som har som mål å fremme interesse og forståing for rutebilen si samfunnsrolle i fortid og i dag. RHF avd. Sunnmøre vart stifta 31.10.1988 og er ei lokalavdeling under RHF.
Medlemskap i Rutebilhistorisk Forening avdeling Sunnmøre vert teikna gjennom hovedforeninga, og har du adresse på Sunnmøre vil du dermed også automatisk verte medlem hos oss. Dette kan gjerast ved å fylle ut dette skjemaet under hovedforeninga sine internettsider. Skjemaet kan brukast av alle, ikkje berre dei som bur på Sunnmøre, men andre vil verte registrert som medlem av lokalavdelinga i sitt fylke (dersom lokalavdeling finst der).
På Sunnmøre er det mange bevarte og registrerte veteranbussar, og mange av dei gamle rutebilselskapa har ein representant. Avdelinga eig nokre bussar, men dei fleste er i privat eige, sjå vognoversikta. RHF avd. Sunnmøre har gjennom åra også opparbeidd ei stor samling bilder og anna historisk dokumentasjon frå rutebilselskapa som har eksistert på Sunnmøre gjennom tidene.
På Sunnmøre Museum har RHF avd. Sunnmøre gjenreist Spjelkavikrutens gamle garasje frå 1920-talet, her har vi ståande ein 1929-modell GMC frå same selskap, som avdelinga sine medlemar har restaurert. Ein Shell bensinstasjon er også gjenreist ved garasjen. I Dyb-huset, nabohuset til garasjen, disponerer vi eit rom som møterom og arkiv.
Ein annan rutebilgarasje som er bygd opp igjen, er Glomsetrutens gamle garasje på Glomset. Det er rutebilfamilien Eide som står bak dette prosjektet. Her står også to restaurerte bussar frå dette selskapet.
Veteranbussklubben i A/S Mørebil vart stifta i september 1993, og er ei intern gruppe med utspring i dåverande Mørebil A/S i Volda, Ørsta og Vanylven. Klubben tek seg av veteranbussane T-1047 og UE 28867, som er stasjonerte i Volda/Ørsta. Inntekter til klubben kjem frå dugnadsarbeid med panteoppgjer av returflasker ved Fjord1 Buss Møre AS si stasjonering i Furene i Volda. Klubben arrangerar med ujamne mellomrom utflukter for tilsette i bedrifta, og står ved nokre høve som vertskap for samlingar i RHF avd. Sunnmøre. Klubben har sidan 1993 vore tilstades på alle veteranbusstreffa som RHF har arrangert kring om i landet.
Ynskjer du kontakt med RHF avd. Sunnmøre så klikk på ein av epost-linkane under:
Rutebilhistorisk Forening avdeling Sunnmøre er registrert som mottakar i Grasrotandelen, og vi vert svært takksame for all den støtte vi kan få. Klikk på bildet over og sjå meir informasjon. Skriv ut brevet med strekkoden og ta det med til ein av dei mange kommisjonærane for Norsk Tipping. Du kan også knytte deg til Grasrotandelen på andre måtar;
- SMS til 2020 med tekst: GRASROTANDELEN 989030981 (tjenesten er gratis)
- Internett: grasrotandelen.no eller norsk-tipping.no