Litt orientering om turar i år, slik vi ligg ann i dag 22.02.2012.

-----------------------------

Tur med Hurtigruta 12. april 2012

 Frå Bergen 12. april Bergen-Kirkenes-Bergen i 11 dagar med båten Richard With. Eg

har 1 innvendig og 4 utvendige ledige lugarar per i dag.

Prisar på innvendig er 12.500,- og utvendig kr 14.500,- Prisen er frå Bergen og tilbake til Bergen  med  fullpensjon (3 måltid pr dag ).

Denne båten har og 3 gode handicap lugarar som er berekna for rullestolbrukarar, dersom nokon de kjenner har bruk for det. Der er 2 heisar mellom alle dekk på båten.

Per i dag er 30 påmelde.

Håkon Råheim vert med som reiseleiar på heile turen.

    -----------------------------

MS Nikolay Chernyshevsky

Elvecruise i Russland:  St. Petersburg - Moskva  1.september

 Turen startar frå Gardermoen med fly til St. Petersburg, der vi går om bord i båten vi skal vere i 11 dagar og med fly tilbake frå Moskva til Gardermoen. Flya er frå SAS.

Per i dag har eg ledig berre 2 lugarar på øverste dekk til ein pris på 16.696 per person.

Med i prisen er flyreisa fram og attende. Båtturen i 11 dagar, 3 måltid  per dag og 10 utflukter under vegs.

Det kan hende det blir ledige andre lugarar når det lir ut på våren til ein litt billigare pris.

 Aud Lundeland og Håkon Råheim vert med på turen som reise- og turleiarar.

Der er 37 personar påmelde no.

Dersom de er interesserte i nokon av desse turane så ta kontakt snarast og de vil få tilsendt meir informasjon om turane.

  -----------------------------

Vi arbeidar med ein 3 dagers handletur til Danmark ein gang rett før påske eller seinare i vår.  Dersom det er interessant så ta kontakt så får vi kjennskap til om der er interesse for denne turen.

 -----------------------------

Håkon Råheim tel 57821907 / 90518140. E-post: haa-raa@online.no

eller Solveig    tel 57821907 / 90079020

 

Mvh  

Håkon 


Reportasje frå fjorårets tur.

Kilde: Firda

   

                         Hotell Crown Plaza, Toulouse                           Hotell Acta Art, Andorra la Vella                            

  

Hotell Emperador, Madrid                                       Hotell Munidal, Lisboa

Det var ein svært fin tur. Mange fine opplevingar og mykje interessant å sjå. Vi budde på gode hotell, med bra service, rikeleg  og god mat. vi hadde eit triveleg fellesskap, og ikkje minst gode guidar og reiseleiarar.

Takk for ein fin tur til Rutebilhistorisk Forening avd. Sogn og Fjordane og Travelnet reisebyrå!