KRAV OM FØREHANDSPÅMELDING TIL LANDSMØTEMIDDAG UNDER TREFFET I ULSTEINVIK
Quality Hotel Ulstein har systemutfordringar når det gjeld innkjøp og bemanning opp mot vår landsmøtemiddag laurdag 19.5. pinseaften kl. 1900. Dei må ha påmelding i god tid før treffet, SISTE FRIST 4. MAI, for å kunne gjennomføre middagsarrangementet!
Vi må ha minimum 100 påmelde for å sikre gjennomføringa. Dersom alle tenkjer at «andre melder seg nok på, så vi gjer som tidlegare og slenger oss på ved ankomst» – då vert det ikkje landsmøtemiddag. Rett og slett!
Med dette har vi følgjande innstendige oppmoding til alle de som vil vere med på landsmøtemiddag:
Hjelp oss å sikre at det vert nok påmelding til å kunne gjennomføre landsmøtemiddagen på Quality Hotel Ulstein! Det vil verte lett underhaldning under måltidet, og utdeling av «heder og ære».
————————————
Send ein epost snarast til q.ulstein@choice.no og meld deg på til RHF-landsmøtemiddagen laurdag 19. mai kl. 1900. Hugs antal deltakarar, og namn på den som skal betale.
Absolutt siste frist for å melde seg på arrangementet til hotellet er 4. mai!
Pris kr. 400,- som betalast til hotellet etter påmelding.
————————————
Beste helsing frå arrangørstaben Ulsteinvik 2018